Coach
Dialead Coach
Dialead Coach er eit databasert verktøy som gjer deg i stand til å prioritere deg sjølv og dei kring deg.
Eit menneskeleg paradoks
Vi er alle menneske. Vi er alle for dårlege til å samhandle. Både med oss sjølve, og med kvarandre.
Sjølv om det finst fleire moglegheiter enn nokonsinne til menneskeleg kontakt, er vi som menneske mindre enn nokonsinne i stand til å omfamne denne kompleksiteten av kommunikasjonsalternativ.
Dette kontaktparadokset er det som skaper dei største utfordringane i dagens verkelegheit. Ingen av oss er skapt til å forstå kompleksiteten inne i og blant oss.
Vi treng å trene på å vere den beste for oss sjølve og andre. Fyrst då kan kommunikasjon, relasjon og samhandling bli optimal.
Ei digital grunnstilling
Vi har skapt eit arbeidsverktøy som skal styrke kommunikasjon og samhandling mellom leiing og tilsetje. På tvers av og utanfor organisasjonen.
Dialead Coach blir leiaren og den tilsette sin personlege rettleier og coach.
Brukarane kan styre eige tidsbruk og utviklingsfart, og treng ikkje forhalda seg til dei tre K-ane: Konferansar, kurs og konsulentar.
Den kunstige intelligensen vår styrer tilpassa oppfølging og eit personleg utviklingsløp som bidrar med eigne rapportar over mål, framgang og neste utviklingssteg.
Dialead Coach sporar utvikling og framgang og gir leiarane ein temperaturmålar og sanntidsoversikt på parametrane ein treng. Slik kan leiarane, temaet og heile organisasjonen vere i forkant og innføre tiltak som forbygger både konfliktar og sjukefråvær.
Ein grunnleggande kompetanse
Det finst ikkje tilsvarande digitale verktøy i dag som sporar og gir lik status på organisasjonar og individ si utvikling innan eigen relasjonskompetanse.
Dialead Coach kombinerer AI, maskinlæring og emosjonstolkning for å gi god og personlig oppfølging.
Gjennom eit systemisk perspektiv tilbyr vi personleg tilpassa utvikling og oppfølging for leiarar, tilsette og organisasjonar.
Lett ambisiøst kan vi seie at vi vil verte det første digitale verktøyet som bygger samhandling i og mellom menneske i arbeidslivet med utgangspunkt i omsorg og kjærleik.
Eller grunnleggande menneskeleg kompetanse.
Vil du vite meir om Dialead Coach?
Send oss ei melding, så finner vi ut om Dialead Coach kan passe for deg eller din bedrift. Vi tek kontakt med deg så raskt som mogleg.