Dialead har inngått avtale med Nextcloud
Dialead har som einaste norske aktør, inngått ein avtale med Nextcloud. Det tyske skylagrings-selskapet har regjeringar, forsvar og til dømes sjukehus på kundelista si. Selskapet utvikler programvare for desentraliserte og lokale skyer som alternativ til sentraliserte skytenester.
– Vi var opptatt av å gjere den digitale kvardagen tryggare. Både for vanlege folk og ikkje minst bedrifter, kommuner og institusjonar, seier dagleg leiar Gro Mykkeltvedt i Dialead. Ho er også leiarutvikler i Evospor og familieterapeut. – Samstundes som vi inngjekk kontrakten med Nextcloud, såg vår CTO, Lars K. Hansen, at maskinlæring og kunstig intelligens også ville vere nyskapande for ein plattform til leiarutvikling.
For at det skulle vere mogleg med ei slik plattform, må ein også ha kontroll på all data. I Dialead har vi derfor også eit eige forretningsområde som tilbyr gode og trygge tenester for skylagring. Den eineståande avtalen med tyske Nextcloud må sjåast på bakgrunn av dette.
Nextcloud is a counter model to the typical cloud offerings of large US providers such as Microsoft.
Spiegel Online
– Nextcloud lever ikkje av å selge informasjonen din vidare, og har av den grunn blant anna den svenske regjeringen på kundelista. Trygg lagring blir meir og meir etterspurt, konkluderer Mykkeltvedt.
Skylagring der du tar tilbake kontrollen over dine data
Nextcloud ble etablert i 2016, og er hundre prosent «open source». I 2018 byrja dei også å tilby ei «Enterprice»-løysing som er den løysinga Dialead no tilbyr i den norske marknaden.
Nextcloud was founded to decentralize the cloud, to put users back in control over their data.
Frank Karlitschek
Dialead eineste norske Nextcloud Service Provider
Vårt mål er å tilby sikker lagring til bedrifter og personar som prioriterer tryggleik og personvern. Samtidig tilbyr me ei fleksibel og moderne samhandlings-plattform, med Nextcloud.
Enkelt for bedrifter å tilpasse visuell identitet og skreddersy si verksemd
Nextcloud er enkelt å tilpasse den einskilde bedrift, med fargar, logo, tilpassing av meny og andre tiltak, slik at plattforma vert deira eigen, seier CTO i Dialead, Lars K. Hansen.
I tillegg til visuell tilpassing er det mogleg med andre tilpassingar med hjelp av ei rekke valfrie applikasjonar. På den måten treng ein ikkje ha mange unødvendige val, men dei vala som er relevant for den enkelte bedrift eller organisasjon.
Tre måter å ta i bruk Nextcloud på
- Dialead står for all hosting og drift for kunde.
- Enkel brukar konto via dialead.no, med Dialead logo.
- Eigen virtuell maskin med eiga lagring og branding for bedrift. Anbefalt for fem eller fleire brukarar.
- Dialead sel lisens og support til bedrifter som ønskjer å hoste Nextcloud med alle tilhøyrande tenester på eigen server. Ein kan også selje installasjon og tilby drift av denne typen løysing, om bedriften ikkje har eiga IT-avdeling.
- Ei kombinasjon. Bedrifter kan ha nokre tenester på eigen server og nokre hjå Dialead
Ta kontakt med oss, så ser vi korleis de kan senke skuldrane og få ein tryggere digital kvardag.
Les meir om Nextcloud her.