Nytt HR-verktøy fra Sogn skal erobre verden med kjærleik: dei første pilotkundane er allereie med
– Vi skal bli dei første i verda til å nytte AI for å gjere folk trygge. På jobb og heime, seier Gro Mykkeltvedt. Gro er gründer og har betydeleg erfaring med utvikling av leiarprogram og organisasjonsutvikling. I tillegg til leiarforsking.
Med seg på laget har ho hittil om lag tjue dedikerte og høgt kompetente menneske som skal realisere verktøyet.
– Dette er menneske med lang erfaring innan helse, teknologi, leiing, innovasjon og berekraft på høgt nivå.
Betre samhandling mellom kommune, fylke og stat
– Rusinstitusjonar, kriminalomsorg og sjukehus kan saman med kommunar og fylke få ein meir heilskapleg tilnærming til brukar, pasient og kunde. I tillegg til Helse Førde har vi med Voss og Ulvik Kommune som pilotkundar. Det er rådmannen si leiargruppe med teknisk leiar, rådmann og helse/omsorgsleiar som er med i prosjektgruppene.
Å vera pilotkunde inneber å vere med i utviklingen av Dialead Coach, slik at det vert eit verktøy organisasjonen kan ha nytte av i framtida.
– Pandemien har viska ut grensene mellom arbeids- og familieliv. Samtidig har han endra forholdet vårt til myndigheiter, helsevesen og institusjonar. Leiarar og organisasjonar må fokusere på å utarbeide heilskapelege retningslinjer, struktur og system, og vere bevisst på å redusere stress. Her er det òg sentralt å ikkje undervurdere kor viktig det er å investere i psykiske helsetiltak framover.
Å auke forståinga om korleis gitte forestillinger, institusjonelle strukturer og handlingsmønster hindrer oss i å finne løysingar på samfunnets utfordringer.
Prof. Rune Todnem By
Betre og meir systemisk samhandling
Dialead Coach skal vere eit verktøy for betre samhandling i eit systemisk perspektiv. Både når det gjeld leiar og medarbeidar, team og organisasjon.
– Pilotkundane våre oppnår redusert sjukefråver, meir tillit og høgre truverd som organisasjon, seier Mykkeltvedt.
Arbeidsverktøy for heilskap, kommunikasjon og samhandling
– Vi utviklar no eit verktøy som skal støtte leiarar og tilsette i organisasjonar, på tvers av og utanfor organisasjonen. I verktøyet får ein leiar og den tilsette sin eigen personlege coach som er tilgjengeleg 24/7 på alle digitale eininger. Dette gjer at brukaren kan styre eigen tid og uvikling og ikkje treng å bruke tid og pengar på kurs og konsulentar.
AI sentralt
– Verktøyet vårt gir brukarar tilpassa oppfølging og eit individuelt utviklingsløp ved hjelp av kunstig intelligens. Brukaren får oversikt over eigen framdrift gjennom rapporter over mål, framgang og neste utviklingssteg. Dialead Coach gir alle moglegheiter til å setje mål for parametre som samhandling, kommunikasjon, arbeidsmiljø, arbeidsglede, motivasjon og kultur. Verktøyet tracker utviklinga og gir leiarar ein temperaturmåler og oversikt i sanntid over ønskte målparametre. Dette gjer at alle ledd kan vere i forkant og tidleg innføre tiltak som førebygger konfliktar og sjukefråver.
Verktøyet bidrar vidare til auka motivasjon og engasjement gjennom god sanntidsoversikt og chatbot som tolkar og forstår emosjonar. Vi ivaretar personvern gjennom å lagre alle data kryptert gjennom Nextcloud. I piloten blir data forresten lagra i Dialeads eigen skyserver i Ulvik.
Er det noko verda treng, så er det handling no! Teknologi som kan hjelpe oss å setje gode forskningsbaserte mål og tracke fremdrift på tiltak vi veit fungerer, trur eg vil vera essensielt for at vi lykkest med å skapa ein regenerativ verd.
Chris Hovde
Byggjer opp mot og kjærleik til seg sjølv og andre
– Vi ivaretar alle komplekse delar av heilskapen og trener medarbeidere og leiarar til å forstå kompleksiteten i og mellom menneske. Vi byggjer god samhandling på tvers av avdelingar og mellom team med relasjonsorienterte tema. Den enkelte medarbeider får forsterka evner som openheit, tryggleik, ærlegheit, mot, omsorg og kjærleik til seg sjølv og andre.
– Målet vårt er at å verte det valde verktøyet for optimal samhandling i framtida. Både i kommune, fylke og stat, seier Mykkeltvedt.
Vi ivaretar personvern gjennom å lagre alle data lokalt i vårt data senter i Ulvik. Ingen innsamla data vert delt vidare med tredjepart og data vert kun brukt vidare til å optimalisere HR-Verktøyet. Brukarar av vår plattform skal alltid vere trygg på at all informasjon vert behandla konfidensielt og til det beste for våre brukarar.